Å bli foreldre er ein enkel sak, å vere foreldre er mykje meir utfordrande. Nokre gonger går det lett, andre gonger kjenner me ofte på ei usikkerheit eller me opplever å vere utilstrekkelege. Det kan vere periodar i barnets utvikling me opplever som meir krevjande, og det kan vere enkelte av dei daglege gjeremåla som utfordrar noko i oss. Av og til flyt det fint, andre gonger set me oss fast i eit spor.
Kvifor COS?
Programmet heitar COS (Circle of security) eller Tryggheitssirkelen. Det er ein modell som kan hjelpe foreldre til å bli tryggare på korleis dei kan møte barnet sitt i heile spekteret av barnets kjensler og behov.
Kurset har fokus på barnas behov, korleis foreldra skal forstå dei signala barna gir, og korleis dei kan møte barna i ulike situasjonar slik at barna får hjelp til å uttrykkje seg hensiktsmessig.
Her kan dykk sjå litt meir om kva det dreier seg om.
Me brukar filmsnuttar av samspel mellom foreldre og barn, og snakkar saman i gruppa med utgangspunkt i filmane og dagens tema. I gruppa bestemmer du sjølv kor mykje du vil dele av eigne erfaringar.
Kurshaldare er Merete Halleland (sjukepleiar som for tida studerer par- og familieterapi) og helsesykepleier Margretha Kjølvik Berge.
Om du er interessert eller har spørsmål ta kontakt med Margretha på telefon: 51912677 / 51714747, eller send mail til: margretha.kjolvik.berge@finnoy.kommune.no